GRIMSTAD Leiv Arne - Pilegrim i Frankenland.

Année de parution: 2005
Langue: Norvégien Norsk Norwegian no

(NOR. Solhagen forlag. 2005) : Le Puy- St Jean PP . (no)

Mis à jour le lundi 16 mars 2020
Répondre à cet article
  • Février 2010
    11:57
    GRIMSTAD Leiv Arne - Pilegrim i Frankenland.
    par Bernard Delhomme

    « Pilegrim i Frankenland » skildrar ei fysisk og mental vandring på pilegrimsvegen mot Santiago gjennom Frankrike - frå Le Puy til St. Jean Pied-de-Port i Pyreneane - ei strekning på meir enn 70 mil.
    Forfattaren rundar fjellviddene i Massif Central og går snorbeint gjennom eikeskogane ved Lot. I Garonne-bekkenet fyller vingardane og mais- og solsikkeåkrane synsranda - før Baskerland og Pyreneane kjem med sine rundare åsar og nye fjell. Og alltid med eit historisk minnesmerke for hand.

    "Jeg har lest det meste av pilegrimslitteratur som har kommet ut i Norden de siste 10 årene om strekningen fra Le Puy, mye av det engelske også. "Pilegrim i Frankenland" hører til noe av det beste jeg har lest …" (Eivind Luthen i Pilegrimen, medlemsblad for Pilegrimsfellesskapet St. Jakob)

    Jakobsvegen :

    Pilegrimsvandringa mot Santiago de Compostela i nordvest-Spania kom i gang på 900-talet då ein eremitt skal ha funne beinpipene etter Jakob, Jesu læresvein, som hadde vore misjonær i Spania. Den første kjende Santiago-pilegrimen, biskop Godescalc, la ut frå Le Puy i Frankrike i 950. Sidan har Le Puy vore rekna som det klassiske startpunket for pilegrimstrafikken mot Santiago. I mellomalderen skal så mange som ein halv million menneske ha lagt ut på Jakobsvegen, årleg, og det skaptest ein infrastruktur av vegar, herberge, gudshus og sjukehus - som stod til teneste for pilegrimane. I 1987 kåra Europarådet Jakobsvegen til den første kulturvegen i Europa. Vegen er merka, både gjennom Frankrike og Spania, og går på eit vekslande underlag : Bygater, stiar, jordbruksvegar og landsvegar med lite trafikk - alltid med eit jakobsvegmerke som viser vegen vidare.

    Forfattaren :

    Forfattaren Leiv Arne Grimstad (f. 1951) har skrive både barnebøker, fjellbøker og misjonsbøker. Forutan å ha gått over hundre mil på pilegrimsvegen mot Santiago, har han bak seg mange lange sommarvandringar i nordlegare strøk. Bl. a. har han gått over Island og frå Oslo til Sunnmøre. « Pilegrim i Frankenland » er foto-illustrert. Magne Bergseth og Åshild Havåg Bergseth har teikna kartskissene.