(NOR. Solhagen forlag. 2005) : Le Puy- St Jean PP . (no)
GRIMSTAD Leiv Arne - Pilegrim i Frankenland.

-
Février 2010
11:57 GRIMSTAD Leiv Arne - Pilegrim i Frankenland.
par Bernard Delhomme
« Pilegrim i Frankenland » skildrar ei fysisk og mental vandring på pilegrimsvegen mot Santiago gjennom Frankrike - frå Le Puy til St. Jean Pied-de-Port i Pyreneane - ei strekning på meir enn 70 mil.
Forfattaren rundar fjellviddene i Massif Central og går snorbeint gjennom eikeskogane ved Lot. I Garonne-bekkenet fyller vingardane og mais- og solsikkeåkrane synsranda - før Baskerland og Pyreneane kjem med sine rundare åsar og nye fjell. Og alltid med eit historisk minnesmerke for hand."Jeg har lest det meste av pilegrimslitteratur som har kommet ut i Norden de siste 10 årene om strekningen fra Le Puy, mye av det engelske også. "Pilegrim i Frankenland" hører til noe av det beste jeg har lest …" (Eivind Luthen i Pilegrimen, medlemsblad for Pilegrimsfellesskapet St. Jakob)
Jakobsvegen :
Pilegrimsvandringa mot Santiago de Compostela i nordvest-Spania kom i gang på 900-talet då ein eremitt skal ha funne beinpipene etter Jakob, Jesu læresvein, som hadde vore misjonær i Spania. Den første kjende Santiago-pilegrimen, biskop Godescalc, la ut frå Le Puy i Frankrike i 950. Sidan har Le Puy vore rekna som det klassiske startpunket for pilegrimstrafikken mot Santiago. I mellomalderen skal så mange som ein halv million menneske ha lagt ut på Jakobsvegen, årleg, og det skaptest ein infrastruktur av vegar, herberge, gudshus og sjukehus - som stod til teneste for pilegrimane. I 1987 kåra Europarådet Jakobsvegen til den første kulturvegen i Europa. Vegen er merka, både gjennom Frankrike og Spania, og går på eit vekslande underlag : Bygater, stiar, jordbruksvegar og landsvegar med lite trafikk - alltid med eit jakobsvegmerke som viser vegen vidare.
Forfattaren :
Forfattaren Leiv Arne Grimstad (f. 1951) har skrive både barnebøker, fjellbøker og misjonsbøker. Forutan å ha gått over hundre mil på pilegrimsvegen mot Santiago, har han bak seg mange lange sommarvandringar i nordlegare strøk. Bl. a. har han gått over Island og frå Oslo til Sunnmøre. « Pilegrim i Frankenland » er foto-illustrert. Magne Bergseth og Åshild Havåg Bergseth har teikna kartskissene.